Vassendgutane til nordisk TV

Dokumentarfilmen om Vassendgutane skal ut i Norden.
Publisert 28.04.2009 15:41.
- Skriv ut
NRK har valt ut denne filmen til utvekslinga dei har med tv-stasjonane i dei andre nordiske landa. Dokumentaren er laga av Terje Reite og Tor Sivertstøl i NRK Møre og Romsdal.
Mange såg programmet
Svært mange såg programmet då det gjekk på NRK1 og NRK2 tidlegare i vinter. Sjåartala hamna på langt over ein halv million, og programmet låg blant dei mest populære dei aktuelle sendedatoane.
Sjå heile programmet om Vassendgutane her
På turné
I programmet følgjer programskaparane Terje Reite og Tor Sivertstøl det populære bandet på turné på Sørvest-landet. Først er vi på Varhaug på Jæren, og deretter i Nordhordlandshallen i Knarvik nord for Bergen. På begge stadane herskar ei heftig, svett og intens fest-country-stemning.
Jordnære
I programmet får vi noko av svaret på kva som er årsaka til at Vassendgutane har hatt slik suksess. - Publikum er nesten som ein del av bandet, seier bandmedlemene. Vi står ikkje på scena og held avstand. Å vere på ein vassendgutanekonsert er om lag som å vere på ein fest der vi dreg opp til allsang. Forskjellen er berre at på ein Vassendgutane-konsert kan det vere over 3000 festdeltakarar, seier dei.
Norvisjonen
Programmet blir no utveksla i samarbeidet mellom dei nordiske stasjonane i Norvisjon-samarbeidet.

(NRK)
Lyd og video
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Torget: Møre og Romsdal - Din lokale møteplass
Kveldsstemning i Sylteosen, Fr
Fin kveldsstemning tirsdag 24.01.2012 selv om nordlyset lot vente på seg. [...]
Siste poster på Torget
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Lippestad refser politiet
- Stordalen benekter stormannsgalskap
- Ble forrådt av moren under krigen
- – Smuglingen er en stor belastning
- Beklager deportasjon av jøder
- Hamen kan bli hugget i Fredrikstad
- Lavkarbo(n)-betong er det siste nye
- Stor oversvømmelse i Porsgrunn
- Briter føler seg lurt av Norge
- Vil ikke ta ansvar for selvmord


Januar 10




